28. feb, 2020

Tekst

 

Din mann på galleriet i saka mot Assange – dag 3

0
London 22. februar 2020. Foto: Shutterstock

Dette er referatet fra tredje dag av rettssaka mot Julian Assange. Craig Murray følger saken mot Julian Assange i Woolwich Crown Court. Murray er verdens vitne i en sak der egentlig pressefriheten står i den hermetisk lukkede tiltaleboksen. Referatet er oversatt til norsk av Hans Olav Brendberg. Langlesing.

Av Craig Murray.

Dag 3.

I gårsdagens sakførsel i retten brukte aktoratet argument så påfallande og urimelege at eg har hatt vanskar med å finna ut av korleis eg kan skriva dei ut på ein måte som ikkje ser ut som ein karikatur eller ei urimeleg overdriving frå mi side. Det som skjer i denne rettssalen har for lengst gått lenger enn nokon karikatur. Det einaste eg kan gjera er å gje mi personlege forsikring om at det eg fortel er det som faktisk skjedde.

Som vanleg tek eg for meg prosedyrespørsmål og handsaminga av Julian først, før eg deretter gjev att kva slags juridiske argument som har vorte sett fram.

Vanessa Baraitser har fått klare instruksjonar om å lata som om ho bryr seg ved å spørja, nær slutten av kvart rettsmøte rett før pausen, om Julian kjenner seg komfortabel og om han ønskjer seg ein pause. Etter spørsmålet ignorerer ho svaret hans som rein rutine. I går svara han at i eit lengre svar at han ikkje kunne høyra skikkeleg i glasburet sitt, og at han ikkje kunne kommunisera med advokatane sine (på eit tidspunkt i går hadde dei byrja hindra han i å senda lappar med notat til forsvararane, noko eg fekk høyra var bakgrunnen for at dei aggressivt nekta han å ta Garzons hand til farvel). 

Baraitser insisterte på at han berre kunne koma til orde gjennom sin advokat. Sidan han ikkje får kommunisera med advokaten, var jo dette litt drygt. Då dette vart påpeika, fekk vi ti minutt pause medan Julian og advokaten hans fekk løyve til å snakka nede i cellene – truleg avdi det er lettare å avlytta samtalen der.

Då han kom tilbake, bad Edward Fitzgerald formelt om at Julian skulle få lov til å sitja ved sida av advokatane sine i retten. Julian er ein «hyggeleg, intellektuell mann», ikkje ein terrorist. Baraitser svara at om Julian slapp ut av glasburet og inn i rettslokalet ville dette tyda at han vart slept ut av fengselet. Om det skulle vera moglet, måtte han først lauslatast på kausjon.

Igjen greip aktoratet sin advokat, James Lewis, inn til fordel for forsvararane for å freista bidra til mindre ekstrem handsaming av Julian. Han peikte forsiktig på at det ikkje var heilt sikkert at det var naudsynt med kausjon for at Julian skulle vera fysisk til stades i rettssalen, og heller ikkje sikker på at at eit slikt opphald i rettssalen med vaktene til stades tydde at fangen var slept ut av fengsel. Fangar, sjølv dei mest farlege terroristar, gav vitnemål frå vitneboksen i rettssalen – som stod ved sida av magistraten og advokatane. I Høgsterett var det alminneleg at fangar sat saman med sine advokatar i utleveringssaker, i ekstreme saker var dei lenka til ein tryggleiksoffiser med handjarn.

Baraitser svara at Assange kunne utgjera eit trugsmål mot publikum, at det var eit spørsmål om helse og tryggleik. Korleis trudde Fitzgerald og Lewis at ho hadde høve til å gjennomføra den naudsynte risikovurderinga? Det må vera opp til Group 4 (Securitas) å avgjera om dette var mogleg. 

Ja, ho sa faktisk det. Securitas måtte avgjera.

Baraitser byrja slenga ut sjargong som ein Dalek som har kome ut av kontroll (ein Dalek er ein utanomjordisk skapning i den britiske sci-fi-serien «dr. Who»). «Risikovurdering» og «helse og tryggleik» og mykje av same slag. Etter kvart verka ho som noko verre enn ein Dalek, som ein spesielt tåpeleg, lokal regjeringsfunksjonær av lågaste grad. «Ingen jurisdiksjon», «opp til Securitas». Ho henta seg litt inn igjen, og erklærte skråsikkert at  «i varetekt» berre kan tyda glasburet i rettslokalet, ingen andre stader i rommet. Om forsvararane ønska han i rettslokalet der han kunne høyra saksgangen betre, måtte dei be om fridom på kausjon, og dermed fridom frå all varetekt. Ho stirra so på advokatane frå kvar part,  i von om at dette skulle få dei til å setja seg. Men begge vart ståande.

På sin smålåtne måte (som eg vedgår byrjar gjera inntrykk på meg) sa Lewis at «aktoratet er nøytrale når det gjeld denne forespurnaden, sjølvsagt, men – eg trur faktisk ikkje dette er rett». Han såg på domaren på den venlege måten ein onkel ville sett på favorittniese i eit familieselskap som akkurat hadde byrja drikka tequila rett frå flaska.

Baraitser konkluderte saka med å erklæra at forsvaret burde leggja fram skriftlege argument til klokka 10 i morgon når det galdt akkurat dette. Då ville ho halda ei eiga høyring om spørsmålet om Julians plass i rettslokalet.

Dagen hadde byrja med at ein svært sint magistrat Baraitser hadde halde tale til publikumsgalleriet. Ho sa at eit fotografi hadde vorte teke dagen før inne i rettslokalet. Det var ei kriminell handling å ta eller freista å ta eit fotografi inne i rettslokalet. Vanessa Baraitser såg ut som ho hadde veldig lyst til å sperra nokon inne. Det såg ogso ut til at ho i sinne kom fram til den ugrunna konklusjonen at den ukjende som tok bilete frå publikumsgalleriet tysdag ogso var der på onsdag – eg har ein mistanke om at dette ikkje stemmer. Det ser ut til at det er stressande for henne å vera sint på tilfeldig publikum, eg mistenkjer henne for å ropa mykje mot tog.

Fru Baraitser er ikkje glad i fotografi – det ser ut til at ho er den einaste offentlege personen i Vest-Europa som ikkje har noko portrettbilete av seg sjølv på internett. Den gjennomsnittlege eigar av eit bilvaskeri i provinsen har etterlate seg fleire prov på eigen eksistens enn Vanessa Baraitser. Det er sjølvsagt ikkje noko brotsverk frå hennar side, men eg har ein mistanke om at ein ikkje oppnår dette utan omfattande innsats. Ein eller annan foreslo at ho kanskje er eit hologram, men eg tvilar. Eit hologram har meir empati.

Det kriminelle brotsverket «å freista ta bilete i retten» var elles ein underhaldande tanke. Kor inkompetent må du ikkje vera om du freistar å ta eit bilete, og likevel ikkje greier gjera det? Og om ingen bilete var tatt, korleis kan dei prova at du har freista ta eit bilete, og ikkje berre sendt ei tekstmelding til mor di? Eg vil tru «freista å ta eit bilete i retten» er eit brotsverk der du kan ta ein som kjem med eit stort kamera, kamerastativ og lyskastarar. Eg såg ikkje noko slikt på publikumsgalleriet.

Baraitser sa ikkje noko om det var kriminelt å publisera fotografi som er tatt i rettslokalet (eller å freista publisera eit slikt bilete). Eg har ein mistanke om at det er det. Nettstaden «Le Grand Soir» har publisert ei omsetjing av min rapport frå i går, og der kan de sjå eit foto av Julian i sitt skotsikre antiterror-glasbur. Eit bilete som ikkje er tatt av meg, må eg leggja til.

Vi kjem no til den juridiske argumentasjonen om sjølve utleveringa som vart lagt fram i går. Heldigvis er desse ganske enkle å samanfatta. Sjølv om vi hadde fem timar med juridisk drøfting, dreide hovuddelen av dette seg om at begge partar konkurrerte om å sitera ei mengd ulike «autoritetar», til dømes avdøde domarar, for å underbyggja eigne synspunkt. Slik var dei same poenga gjentatt gong etter gong, med liten meirverdi frå eksegesen av dei mange sitata.

Slik det hadde vorte varsla av magistrat Baraitser, argumenterer påtalemakta med at artikkel 4.1 i den britisk-amerikanske utleveringstraktaten ikkje har lovs kraft.

Den britiske og den amerikanske regjeringa seier at retten handhevar innanrikslov, ikkje internasjonal lov, og at traktaten difor ikkje tyder noko. Denne argumentasjonen er lagt fram for retten i ei skriftleg form som eg ikkje har tilgang til. Men ut frå diskusjonen i retten var det opplagt at aktoratet argumenterer med at utleveringslova frå 2003, som er bindande for retten, ikkje gjer noko unnatak for politiske brotsverk. Alle tidlegare utleveringslover har gjort unntak for politiske brotsverk, og difor må det ha vore intensjonen til parlamentet at politiske forbrytarar no kan utleverast.

I sin argumentasjon byrja Edward Fitzgerald med å hevda at utleveringslova frå 2003 ikkje er nok til å gjennomføra ei faktisk utlevering åleine. For at nokon skal utleverast må to ting vera på plass; den generelle Utleveringslova og ein utleveringstraktat med det landet eller dei landa saka gjeld. «Ingen traktat, inga utlevering» er ein regel som ikkje kan brytast. Traktaten var soleis grunnlaget for kravet om utlevering. Å hevda at utleveringa ikkje var regulert av innhaldet i den traktaten som var grunnlaget for at utlevering kunne skje var å skapa ein juridisk absurditet, og dermed misbruk av rettsprosessen. Han siterte eksempel å domar frå Overhuset og Det kongelege Råd der traktatrettar hadde vorte rekna som bindande, ogso utan at desse hadde vorte inkorporert i nasjonal lovgjeving, spesielt i saker der ein ville hindra at folk vart utlevert til potensiell dødsdom i britiske koloniar.

Fitzgerald peika på at sjølv om utleveringslova frå 2003 ikkje inneheldt noko forbod mot utlevering for politiske brotsverk, sa lova ingenting om at det ikkje kunne vera slike hinder i ein utleveringstraktat. Utleveringstraktaten frå 2007 vart ratifisert etter utleveringslova frå 2003.

På dette stadiet braut Baraitser inn og slo fast at det opplagt var slik at det hadde vore parlamentets intensjon at det skulle vera mogleg med utlevering for politiske brotsverk. Om ikkje ville dei ikkje fjerna forbodet i tidlegare lovgjeving. Fitzgerald var ikkje samd, og sa at lova ikkje var til hinder for at traktaten som gjorde utlevering mogleg sette forbod mot slik utlevering. 

Fitzgerald heldt fram med å seia at internasjonal lov i meir enn hundre år har akseptert at du ikkje utleverer politiske forbrytarar. Ingen former for politisk brotverk var i den europeiske konvensjonen for utleveringar. FNs modelltraktat for utleveringar og Interpols konvensjon for utlevering har heller ikkje noko slikt. Det var forbod mot slik utlevering i alle USAs utleveringstraktatar med andre land, og slik hadde det vore i over hundre år etter insistering frå USA. Når regjeringane i både Storbritannia og USA sa at dette ikkje galdt var forbausande, og ville innebera ein frykteleg presedens som ville truga politiske dissidentar og potensielle politiske fangar frå Kina, Russland og andre regime over heile verda som hadde kome seg unna til tredjeland.

Fitzgerald forklarte at alle sentrale autoritetar var samde om at det fanst to typar politiske brotsverk. Dei reine, politiske brotsverk og dei relative politiske brotsverk. Eit «reint» politisk brotsverk var definert som forræderi, spionasje eller undergraving. Eit «relativt» politisk brotsverk var ei handling som normalt var kriminell, som valdeleg åtak eller vandalisme, som vart utført med eit politisk motiv. Alle klagemåla mot Assange handla om reine politiske brotsverk. Alle var spionasjeanklagar, med eitt unntak. Sjølv PC-misbruket hadde av aktoratet vorte samanlikna med brot på Official Secrets Act for å møta kravet om dobbel inkriminering. Den samanfattande skuldinga om at Assange hadde freista skada dei politiske og militære interessene til USA var sjølve definisjonen på eit politisk brotsverk i følgje autoritetane. 

I tilsvaret sitt sa Lewis at ein traktat ikkje kan vera bindande etter engelsk lov utanom når traktaten eksplisitt er innarbeidd i britiske lover av Parlamentet. Dette var eit naudsynt forsvar av demokratiet. Traktatar vart inngått av den utøvande makta, som ikkje kunne gje lover. Det handla altso om parlamentets suverenitet. Lewis siterte mange domar som slo fast at internasjonale traktatar som var signert og ratifisert av Storbritannia ikkje kunne handhevast av britiske domsstolar. «Det kan henda det er overraskande for andre land at traktatane deira med den britiske regjeringa ikkje har noko juridisk kraft», fleipa Lewis.

Lewis sa at det i dette tilfellet ikkje fanst noko misbruk av prosessen, og difor kom ingen av rettane i den europeiske konvensjonen inn i biletet. Det var heilt enkelt den normale handhevinga av lova at traktatens forbod mot politiske utleveringar ikkje hadde noko juridisk kraft.

Lewis sa at USAs regjering ikkje godtek at Assanges brotsverk er politiske. I Storbritannia, Australia og og USA  har ein andre definisjonar av politiske brotsverk enn i resten av verda. Vi ser på «reine» politiske brotsverk som forræderi, spionasje og undergraving som ikkje-politiske brotverk. Berre «relative» politiske brotsverk – alminnelege, kriminelle handlingar utført med politisk motiv – vart sett på som politiske brotsverk i vår tradisjon. I denne tradisjonen vart definisjonen av «politisk» ogso avgrensa til å stø eit konkurrerande politisk parti i ein stat. Lewis vil gå vidare på denne argumentasjonen i morgon.

Der sluttar dagens oppsummering av rettsforhandlingane. Eg har nokre viktige kommentarar, og kjem tilbake med ein eigen post om dette. No må eg skunda meg å nå køen til rettssalen.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Kampanje
DEL 
Facebook
 
Twitte