Blogg

25. mar, 2020
14. mar, 2020
10. mar, 2020
2. mar, 2020
29. feb, 2020

 

Din mann på galleriet i saka mot Assange – dag 4

29. februar 2020
0
Demonstrasjon for Julian Assange 22. februar 2020. Foto: Shutterstock

Dette er referatet fra fjerde dag av rettssaka mot Julian Assange. Craig Murray følger saken mot Julian Assange i Woolwich Crown Court. Murray er verdens vitne i en sak der egentlig pressefriheten står i den hermetisk lukkede tiltaleboksen. Referatet er oversatt til norsk av Hans Olav Brendberg. Langlesing.

Av Craig Murray.


Dag 4

Vær så gild – gjennomfør dette eksperimentet for meg. Prøv å stilla dette spørsmålet med ei røyst som syner intellektuell interesse og engasjement: «Hevdar du at desse to har same effekt?»

Prøv etterpå å stilla det same spørsmålet i ein tone av fiendskap og vantru, på grensa til sarkasme: «Hevdar du at desse to har same effekt?»

Først: Gratulerer med dine skodespelarevner – du følgde instruktøren på ein utmerka måte. Og deretter: Er det ikkje fascinerande korleis ein med nøyaktig dei same orda kan få fram den motsette bodskapen – alt etter korleis du legg trykk og toneleie?

I går heldt aktoratet fram med å argumentera for at artikkelen i 2007-traktaten om utlevering mellom Storbritannia og USA som forbyr utlevering for politiske brotsverk er eit verdilaust stykke papir, og at Julian Assanges formål uansett ikkje er politisk. James Lewis snakka ein time for aktoratet, og Edward Fitzgerald svara for forsvararane med om lag same tidsbruk. Under Lewis presentasjon vart han avbroten av domar Baraitser nøyaktig ein gong. Under Fitzgeralds tilsvar braut Baraitser inn nøyaktig sytten gongar.

I referatet vil dei avbrota ikkje sjå urimelege ut: «Kan du klårgjera dette for meg, mr. Fitzgerald…»
– «Så, korleis møter du då Lewis poeng om at…». «Men blir ikkje det eit sirkelargument?» «Men det er vel ikkje innarbeidd i lovgjevinga, er det?»

Alle desse, og det andre dusinet med avbrot var utforma for å sjå ut som om domaren freista klårgjera forsvarets argument i ein ande av intellektuell utprøving. Men om du høyrde tonen i Baraitsers røyst, såg kroppsspråket hennar og andletsuttrykket hennar – so dreidde det seg om alt anna.

Det falske inntrykket som ei utskrift vil gje vil bli forsterka av dei høflege svara når Fitzgerald gong etter gong svara på provokasjonane med «Takk, madam, det er til stor hjelp», som for alle dei som var der opplagt tydde det motsette. Likevel vil ei utskrift likevel syna korleis Baraitser brukte bøllete avbrot igjen og igjen, latterleggjorde poenga hans og svært medvite freista gjera det vanskeleg for han å koma i gang med hovudpoenga i argumentasjonen. Kontrasten til korleis ho handama Lewis kunne ikkje vore større.

No til sjølve dei juridiske argumenta.

James Lewis frå aktoratet heldt fram med argumentasjonen han hadde byrja dagen før, og sa at Parlamentet ikkje hadde hatt med eit forbod mot utlevering for politiske brotsverk i lova frå 2003. Eit slikt forbod kunne difor ikkje bli gjenintrodusert i lova gjennom ein traktat. «Å gjenninnføra eit forbod mot utlevering for politiske brotsverk gjennom bakdøra ville undergrava Parlamentets intensjonar.»

Lewis argumenterte også for at dette ikkje handla om politiske brotsverk. Definisjonen av politiske brotsverk var i Storbritannia avgrensa til oppførsel som hadde til mål «å styrta eller endra ei regjering eller endra politikken til regjeringa». I tillegg må målet vera å endra regjeringa eller politikken på kort sikt, ikkje ein eller annan gong i framtida.

Lewis hevda vidare at omgrepet «politisk brotsverk» berre kan brukast om brotsverk på det territoriet der ein freistar endra regjeringa eller regjeringas politikk. For å gjera eit politisk brotsverk måtte Assange difor ha gjort dette på amerikansk territorium, og det hadde han ikkje.

Om Baraitser kom fram til at forbodet mot utlevering for politiske brotsverk galdt, ville retten bli nøydd til å avgjera tydinga av omgrepet «politisk brotsverk» i utleveringstraktaten mellom Storbritannia og USA frå 2007, og i tillegg tolka innhaldet i paragraf 4.1 og 4.2 i traktaten. Å tolka innhaldet i ein internasjonal traktat var utanfor domsstolens jurisdiksjon.

Lewis foreleste om at Assanges handlingar ikkje på nokon måte kan bli klassifisert som politiske brotsverk. «Det er umogleg å plassera Julian Assange i rolla som politisk flyktning». Det Wikileaks heldt på med var ikkje politisk opposisjon i den rette tydinga av ordet, det handla ikkje om å motarbeida eller freista endra regjeringa. Difor var dette ikkje politiske brotsverk.

For forsvaret svara Edward Fitzgerald at Utleveringslova frå 2003 var ei rammelov som gjorde det mogleg å inngå fungerande traktatar. Parlamentet hadde vore oppteken av å fjerna alt misbruk av forbodet mot politisk utlevering slik at ein ikkje kom i skade for å gje dekning for terroristiske handlingar og vald mot uskuldige sivile. Likevel gjenstod eit klart vern, akseptert over heile verda, for fredeleg politisk usemje. Dette vart gjenspegla i utleveringstraktaten som gav det grunnlaget for utlevering som retten skulle vurdera.

Baraitser braut inn og hevda at den britisk-amerikanske utleveringstraktaten ikkje var inkorporert i britisk lov.

Fitzgerald svara at heile utleveringskravet kom på bakgrunn av denne traktaten. Det er eit misbruk av rettsprosessen om styresmaktene byggjer eit utleveringskrav på ein traktat, men så hevdar at dei einskilde punkta i traktaten ikkje har noko å seia.

«Det er opp i dagen at det er eit svært merkeleg argument at den traktaten som gjev grunnlag for å utlevera, og som kravet byggjer på, kan bli sett bort frå når det gjeld det konkrete innhaldet i traktaten. Det er opp i dagen at dette blir absurd.» (sitat Edward Fitzgerald.

Fitzgerald la til at forsvaret ikkje aksepterte at forræderi, spionasje og undergraving ikkje vart sett på som politiske brotsverk i England. Men sjølv om ein aksepterte Lewis innsnevra definisjon av «politisk brotsverk», så møtte Assanges handlingar likevel kravet. Kva i all verda skulle motivet for å publisera prov på regjeringas krigsbrotsverk og korrupsjon vera, anna enn å endra regjeringas politikk? Faktisk ville kjennsgjerningane syna at Wikileaks effektivt hadde endra politikken til den amerikanske regjeringa, spesielt når det galdt Irak.

Baraitser innvendte då at det å eksponera regjeringas brotsverk ikkje var det same som å freista forandra regjeringas politikk. Fitzgerald spurde henne då, til slutt litt oppgitt etter tallause avbrot, kva anna poeng det skulle vera med å eksponera regjeringas brotsverk – kva anna opplagt formål var det enn å pressa på for endring i regjeringas politikk?

Med det vart den innleiande argumentasjonen frå aktorat og forsvar avslutta.

Min personlege kommentar.

La meg slå dette fast på ein så nøytral måte som mogleg. Om du på rimeleg vis kunne slå fast at Lewis argument var mykje meir logisk, rasjonelt og intuitivt enn Fitzgeralds, då kunne du forstå kvifor Lewis ikkje måtte avbrytast medan Fitzgerald måtte avbrytast gong etter gong for «klårgjering». Men faktum er at det var Lewis som argumenterte for at ingen av punkta i utleveringstraktaten som kravet om utlevering byggjer på har nokon verdi – eit logisk sprang eg trur den vanlege mann treng å få forklart og prøvd ut meir enn Fitzgeralds påstand om at punkta i utleveringsavtalen faktisk gjeld. Baraitsers trakassering av Fitzgerald samanlikna med silkehanskene når Lewis la fram si sak var rett ut av Stalins oppskriftsbok for skodeprosessar.

Forsvaret sa ingenting om det, og eg veit ikkje kva som kjem fram i dei skriftlege argumenta deira, men eg finn Lewis sitt poeng om at dette ikkje kunne vera politiske brotsverk avdi Julian Assange ikkje var i USA så han utførte dei himmelropande uærleg. USA hevdar universell jurisdiksjon. Assange blir anklaga for publiseringskriminalitet medan han heldt til utanfor USA. USA hevdar å ha rett til å anklaga alle menneske, uansett nasjonalitet og over heile verda som skadar USAs interesse. Dei hevdar i tillegg at sidan dette materialet kunne bli sett på internett i USA, så handla det om eit brotsverk i USA. På same tid hevdar dei at dette ikkje kan vera eit politisk brotsverk sidan handlingane vart utført utanfor USA. Dette er, som Fitzgerald kunne sagt, opp i dagen absurd. Men merkeleg nok fann ikkje Baraitser noko å spørja om her.

Lewis argument om at traktaten ikkje har noko juridisk kraft i engelsk lov er ikkje berre noko hanfann på. Nigel Farage dukka ikkje opp frå ingenting. Det finst faktisk ein lang tradisjon i engelsk lov om at ein traktat signert og ratifisert men eit eller anna fjernt utland ikkje kan vera bindande for ein engelsk domsstol. Lewis kunne sitert dom etter dom som slo fast dette – og det gjorde han også. Domar frå domarar med blomkålandlet som sa akkurat dette i Overhuset, før dei reiste på langhelg for å skyta rype i Skottland eller gav sonen til tjenaren ei oppstramming. Lewis var veldig glad i «Tin Council»-saka. (lenke hos Murray)

Det finst sjølvsagt også ein motsett og meir opplyst tradisjon, og eit stort tal med domar som seier det akkurat motsette – dei fleste av nyare dato. Difor vart det mange gjentakingar frå kvar side, som stabla opp den eine «autoriteten» etter den andre.

Problemet for Lewis – og for Baraitser – er at dette ikkje er ei sak som er analog med at eg kjøper ein Stratos-sjokolade og etterpå går til retten på grunn av at ein Internasjonal Sjokoladetraktat seier at min Stratos er for liten.

I dette tilfellet er det Utleveringslova av 2003 som er ei grunnleggjande lov som utleveringstraktatar deretter kan ta utgangspunkt i. Du kan difor ikkje ulevera etter lova frå 2003 utan ein traktat. Så utleveringstraktaten frå 2007 er i ei heilt konkret meining eit juridisk instrument for styresmaktene som dei treng for å ha eit grunnlag for utlevering. Om den utøvande makta då bryt vilkåra i dette naudsynte, juridiske instrumentet som er grunnlaget for handlingane deira, så må det handla om eit misbruk av retten. Denne traktaten er såleis av eit slag som er naudsynt for det juridiske tiltaket, og er faktisk innarbeidd i engelsk lov gjennom Uleveringslova, som traktaten byggjer på.

Utleveringstraktaten er eit naudsynt grunnlag for utlevering, medan ein «Internasjonal Sjokoladeavtale» ikkje er naudsynt for at nokon skal kunna kjøpa ein Stratos-sjokolade.

Det er så enkelt som eg får til å forklara det – eg vonar det er til å forstå.

Det er sjølvsagt eit problem for Lewis at på same dag som dette skjedde, kom ankedomsstolen med ein dom  mot ein tredje rullebane på Heathrow avdi dette ikkje let seg sameina med Parisavtalen frå 2016. Trass i at denne avtalen ikkje er heilt innarbeidd i engelsk lov gjennom Klimaendringslova frå 2008.

Viktig personleg røynsle

Det er frykteleg pinleg for Utanriksdepartementet (Foreign and Commonwealth Office, FCO) når ein engelsk domsstol set til sides ein traktat som Storbritannia har ratifisert med ein eller fleire utanlandske statar. Difor er det i den moderne verda veldig grundige prosedyrar og sikringsmekanismar som har vorte etablert for å sikra at dette ikkje skal skje. Av denne grunn er aktoratets argument om at alle artiklane i den britisk-amerikanske utleveringsavtalen er utan juridisk kraft, og ikkje kan brukast i saker etter utleveringslova av 2003, i utgangspunktet motsett av korleis systemet skal vera.

Her må eg forklara at eg sjølv har forhandla fram og følgt vegen til ratifikasjon av fleire traktatar ved FCO. Den siste som eg personleg sette sløyfe og lakksegl på var den anglo-belgiske sokkelavtalen frå 1991, men eg var involvert i forhandlingane i andre traktatar, og systemet eg no skal skildra var framleis på plass då eg forlot FCO som ambassadør i 2005. Eg trur dette systemet er uendra i dag (og hugs at Utleveringslova vart vedteke i 2003, og at den britisk-amerikanske Utleveringstraktaten vart ratifisert i 2007, så min kunnskap er ikkje utdatert). Nomenklatura i eit departement endrar seg over tid, og det gjer også organisasjonskartet. Men dei kontora og funksjonane eg no skal forklara er der framleis, sjølv om skiltet på døra kan vera litt endra.

Alle internasjonale traktatar har ein totrinnsprosess. Først blir dei underteikna for å visa at regjeringa er samd i avtalen. Etterpå blir avtalane, etter ei viss tid, ratifisert. Dette andre trinnet kjem etter at regjeringa har sytt for lovgjevinga og andre naudsynte tiltak for å setja traktaten i kraft. Dette er svaret på Lewis observasjonar om rollene til utøvande og lovgjevande makt. Ratifikasjon skjer først etter at all naudsynt lovgjeving er gjennomført. Det er heile poenget.

I utanriksdepartementet skjer dette slik: Tenestemenn forhandlar fram ein utleveringsavtale. Denne blir signert av Storbritannia. Den signerte traktaten kjem så tilbake til departementet til avdelingane for  juridiske rådgjevarar, nasjonalitet og traktatar, konsulatdepartementet, Nordamerikadepartementet og andre. Avtalen blir også sendt til Finansdepartementet og regjeringsadvokaten, og til Innanriksdepartementet, Parlamentet og andre departement som kan få konsekvensar av den aktuelle traktaten.

Traktaten blir så gjennomgått utførleg, for å sjekka om den kan bli heilt implementert i alle jurisdiksjonane i det Sameinte Kongedømet. Om det er problem her, må ein gjera lovendringar slik at problemet blir løyst. Desse endringane kan anten gjerast som lover vedtekne i Parlamentet, eller meir generell, sekundær lovgjeving i form av forskrifter som brukar fullmakter som regjeringa har gjennom anna lovgjeving. Om det allereide finst ei lov frå Parlamentet som kan brukast til å implementera traktaten, treng ein ikkje vedta ny lovgjeving. Det er ikkje slik at alle nye, internasjonale avtalar blir inkorporert i engelsk og skotsk lov gjennom spesifikk, ny lovgjeving.

Dette er ein veldig grundig steg-for-steg-prosess, som blir utført av advokatar og tenestemenn i FCO, finansdepartementet, statsministerens kontor, innanriksdepartementet, Parlamentet og andre. Alle vil kvar for seg sjå nøye på alle punkt i traktaten, og sjekka om desse kan gjennomførast. Alle naudsynte endringar for å gjera traktaten gyldig vil så bli gjennomført – endring av lover, og administrative tiltak. Berre når alle hindringar har vorte fjerna, inkludert lovgjeving, og alle involverte i Parlament, departement og regjering gjev klarsignal om at traktaten er klar til å setjast i kraft i Storbritannia, før då vil den juridiske avdelinga på FCO gje klårsignal til at traktaten kan bli ratifisert. Det er ikkje mogleg å ratifisera ein traktat før den juridiske avdelinga har gjeve sitt klårsignal.

Dette er ein omstendeleg prosess. Det er difor utleveringsavtalen vart signert i 2003, men vart ratifisert først i 2007. Dette er ikkje unormal tidsbruk.

Difor veit eg heilt sikkert at ALLE relevante kontor og departement i Storbritannia MÅ ha vore samde om at artikkel 4.1 i den britisk-amerikanske utleveringstraktaten ville ha kraft under Utleveringlova frå 2003. Denne sertifiseringa måtte vera på plass før traktaten vart ratifisert.

Ut frå dette følgjer det uunngåeleg at den britiske regjeringa, når ho freistar hevda at artikkel 4.1 ikkje har juridisk kraft under lova frå 2003, medvite lyg. Det kan knapt tenkjast eit verre misbruk av retten.

Eg har lenge sett fram til rettshøyringane på akkurat dette punktet, slik at eg kunne gje dykk opplysing bygt på mine personlege kunnskaper og mi personlege røynsle. Eg let dette stå slik for denne gongen, men vonar at et seinare skal kunna posta meir om dagens konflikt om å la Julian sleppa ut av anti-terrorglasburet som han sit innesperra i.